HISTORIA TIL DALASAUEN

HISTORIA v/ Jon Møretrø

Dette blir nok ikkje den fullstendige historia om dalasauen, ei heller heile sanninga, til det er kjeldene for diffuse og sprikar i ulike retningar. Ut frå dei kjeldene som har vore tilgjengelege vil ein likevel prova å balansera framstillinga i forhold til desse.

Det hadde vore enkelt å gjera greie for historia om dalasauen frå det året han vart namnsett og skild ut som eigen rase i 1923, for frå den tid er det god og sikker dokumentasjon. Sjølv om rasen ikkje var ferdig forma i 1923 og langt frå var eintydig, så låg det likevel mange års utvikling fram til det preg rasen då hadde fått. Denne utviklinga, saman med kva som var utgangspunktet, er jo også ein viktig del av historia. Og her er det problema hopar seg opp og kjeldene sprikar i ulike retningar.

Om nokre forhold er kjeldene samde og det er at rasen er ein blandingssau og at engelske/skotske rasar inngår i denne blandinga saman med den opphavelege gamalnorske sauen. Ein er også samde om at av dei engelske rasane så er leicestersauen sjølve grunnlaget for dalasauen, men ein er ikkje einige i kor stor grad andre engelske rasar som sjeviot- og sutherlandsau inngår. 

Ein må gå langt attende i tid for å finna dei fyrste spora som kan ha hatt betydning for utviklinga av dalasauen. Alt frå tida rundt 1800 høyrer ein om betydeleg innførsel av sau frå England/Skottland til Vestlandet, blant anna til Bergens Stift. Her er det kjelder som fortel om flokkar av engelsk sau på denne tida. Ein er usikre på rasane til desse tidlege innførslane, men at leicester var ein av fleire rasar er ein sikre på.

Frametter mot 1850 fortsette innførslane av engelsk/skotsk sau, men det var mest embetsmenn og andre kondisjonerte som dreiv med dette og som hadde store flokkar av desse sauene. Den opphavelge norske sauen på denne tida var liten. Ein var godt nøgde med slaktevekt på 9 kg for lam. Ein må difor rekna med at mange utanom dei kondisjonerte let seg imponera av storleiken på lamma til dei engelske rasane og skaffa seg slike dyr sjøl om dei var kostbare. I mange av dåtidas sentrale område må ein difor rekna med at det allereie rundt 1850 fantes spor av engelske rasar i den stadeigne bygdasauen.

I 1850-60 åra innsåg sentrale myndigheiter i Noreg at det var mykje å henta med å innføra engelske/skotske sauerasar for å foredla den norske sauen. Difor bestemde Stortinget i 1860 at det skulle opprettas stamflokkar kalla "stamsjeferi" av engelsk/skotsk sau . Johan Lindequist som var husdyravlsbestyrar fekk i oppdrag å kjøpa inn dyr. Han valte sjeviotsau som han meinte var den beste til å foredla den norske rasen. I åra framover, med siste gong i 1888, blei det kjøpt inn store flokkar av sjeviot som delvis vart plassert på avlsgardar, men også blei auksjonert ut til private. Sidan dette skjedde i statens regi, og i så stort omfang, så er nok dette årsaka til at det var sjeviotsau som blei den dominerande rasen frametter både som rein rase og som kryssingar. Dette fekk også utslag på utstillingane der det berre var klasse for sjeviotsau og alt vart dømde som denne rasen sjølv om det var innslag av andre rasar.

Som omtala tidlegare var det kome leicestersau til landet før 1850 og den kan allereie då ha satt sitt preg på bygdasauen mange stadar. Vidare kom det inn leicestersau mange stader i landet i siste halvdel av 1800 talet, mellom anna til fleire stader på Austlandet, Rogaland, Hordaland og Vik i Sogn. Spesielt til Vik veit ein at det kom slik sau i fleire omgangar, fyrste gong i 1855. Av den grunn vart det halde jubileumssjå for dalasauen her i 1955.

Frå 100 års jubileet i 1955 i Vik. Foto frå Pridlao nr 1/1996

Fram mot hundreårsskiftet er det kjelder frå mange stadar som fortel om ein sau som skil seg ut frå sjeviot med lengre og slakare øyro, rettare nas og lengre og meir høgreist kropp. Dette preg kjem frå kryssingar med leicestersau. Desse kjeldene kjem frå indre og nokså isolerte strok som Vossestrand, indre bygder i Hardanger, indre bygder i Agder som Sirdal, Ryfylke, indre fjordarmar i Sogn og Møre og nord i Telemark. I desse bygdene hadde det over tid vore stadig utvalg av avlsdyr med leicesterpreg utan så mykje innblanda sjeviot som det var i sentrale strok. Desse bygdene hadde gode fjellbeite og derfor høvde ein litt større og meir kravfull sau her særs godt. Dei store lamma som denne sauen hadde vart også lagt merke til i sentrale strok og difor spreia denne sauen seg til strok der det frå før var mykje sjeviot og sjeviotblandingar.

Dalasau frå Sirdal tidleg i 1920-årene. Foto Jon Sæland

Vossebygdene og Sirdal er sikkert med rette vorte rekna som arnestadane for dalasauen. Vik i Sogn må også trekkas fram og få sin del av æra for dalasauen. Av all leicestersau som kom til landet var det her den fekk rotfesta seg mest og vart spreia vidare som rein rase eller som kryssingar. Når Vossebygdene og då spesielt  Myrkdalen og Holbygda nemnast som arnestad så var det frå Vik dei hadde fått det arvematerialet som dei avla vidare på over fleire ti-år og som la grunnlag for den nye rasen. I Sirdal var nok leicestersauen kome vestanfrå Rogaland, men den hadde som på Vossestrand, fått utvikla seg lokalt over lang tid. På utstillingane i Sirdal og på Voss i åra før 1922 var det difor mykje sau som skilde seg ut frå den reine sjeviotsauen, men måtte likevel dømast som sjeviot. Dette tykte Jon Sæland, som var statskonsulent i sauavl frå 1918, var vanskeleg og urimeleg. Han fekk difor frå 1922 skild desse med noko anna preg enn sjeviot i ein eigen klasse på desse to stadane og kalde den Sirdalssau og Vossasau.

Her følgjer eit sitat frå Jon Sæland sin artikkel om "Korleis dalasauen vart til": Sitat: "Eg vil nemna ein flokk søyor med lamb (3 søyor med 5 lamb) som Anders K. Møn Voss møtte med på fyrste statssjået i 1919. Denne flokken var so gild, at han var langt framum alt anna som møtte på sjået. Det var som noko tok hardt i meg ratt eg fekk sjå han og let meg tenkja: Her er mynsteret for den (dala)sauen me må arbeide fram. Det var sjeldan store søyor med etter måten endå større lamb. Og alt hadde sers god bygnad, spaklyndte, mykje og god ull, store og slake øyro og rak nos". Møn hadde avla fram desse dyra med bruk av verar han hadde kjøpt på Vossestrand.

Så i 1923 blei namna Vossasau og Sirdalssau stroke og namnet Dalasau satt på denne "nye" sauen som nå også vart godkjend som eigen rase. Dette må ein takke Jon Sæland for, utan at han som statskonsulent gjekk i bresjen hadde nok ikkje dette skjedd.

Frå utstillinga på Voss i 1925 Foto: Jon Sæland

Dalasauen vart no raskt spreidde til store delar av landet og då i hovedsak frå Voss og Vossestrand. Sæland skriv at han alt i 1915 kjøpte opp så mykje sau i vossedistriktet at han fylte fleire jarnbanevogner og sende austover. Han fortsette med utgangspunkt i Vossasjået å formidla gode verar til verelag og jordbruksskular rundt i landet. Utstillingane på Voss og Vossestrand fekk allereie på 1920 talet stor tiltrekningskraft på oppkjøparar frå aust og sør i landet, og det seiast at det gjekk vognlast etter vognlast austover med dalasau. I noe grad kan ein seia det same om Tonstad i Sirdal, slik at fram mot 1930 hadde det meste av dalasauen kringom i landet si rot frå desse stadane.

Kor i landet vart det så at dalasauen fekk raskt fotfeste ? Gjennomgåande var det nok i indre dal- og fjordstrok med gode fjellbeite, men også på flatbygdene på Austlandet. Utover 1930 talet og fram mot slutten av verdskrigen vart i tillegg til Voss sjåa på stadar som Kvinesdal og Åseral i Vest Agder, Gol i Buskerud, Tynset i Hedmark, Fåvang i Oppland, Soknedal i Sør Trøndelag og Bjerkreim i Rogaland særs viktige for utval av gode avlsdyr og spreiing til nye stadar.

Denne veren frå Vossestrand hadde på 1930 talet mange avkom rundt omkring i landet.

Ved husdyrteljinga i 1946 var dala- og sjeviotsau omlag like store, hadde kvar over 200 000 dyr, og var dei to klårt største av dei reine rasane. Vidare utover fortsette dalasauen sin frammarsj både der den allereie var etablert og på nye stadar. For sjeviotsauen gjekk det motsatt veg.

Utover 1950 talet blei dalasauen den klårt dominerande rasen.
Som døme på dette var det i heile landet like mange dalasau  på utstillingane som andre rasar til saman. Ja, i fylke som Vest Agder og Sør Trøndelsg var dalasauen totalt dominerande.

Eirik Bryn frå Voss var ein sentral sauehaldar på denne tida. Her med ei basgimre. Foto avisa Hordaland.

På 1950 talet ble dalasauen ytterlege styrka ved at "Norsk raselag for dalasau" vart skipa. Føremålet for laget var å fremja avlen av dalasau og arbeida for å spreia rasen til dei stadar der rasen høver. Laget skulle også fylgja nøye med i dei tiltak som vert sette i verk og støtte opp om det laget finn å vera til gode for dalasauen. Laget hadde omkring 1960 nær 200 medlemar som representerte dei beste dalasaubesetningane i landet

Olav Eikrrabben frå Åseral i Vest Agder var med i styret for laget. Her er han på Vossesjået i 1962 med soissen Sterkfot. Foto avisa Hordaland

Stordomstida til dalasauen var på 1950 talet og fyrste halvpart av 1960 talet. I heile denne perioden var det aukande oppslutnad om utstillingane og interessa for avl og handel med livdyr var på topp.

Mot slutten av 1960 talet byrja nedturen og ein skal seinare sjå på kva som gjekk gale.

Fyrst skal ein sjå litt på utviklinga av rasepreget til dalasauen frå dei krav Jon Sæland sette i 1923 og fram mot slutten av 60-talet. No var det slik at statskonsulenten var styrar for alle dei stora sjåa og difor vart dyra premierte etter i kor stor grad dei oppfylte dei rasekrav som var satt. Jon Sæland var statskonsulent fram til 1945 og difor var det lite som endra seg fram til då. .

Basgimre av Sæland-typen. Langvaksen, lågstilt og djup. Mykje ull, lange og lavande øyre, kvass rygg og bein i hovudet Foto frå Pridlao nr 1 1996.

Frå 1946 var det Sigurd Bell som overtok embete, og dermed skjedde det også etter kvart ei endring i kva som var dei ideelle raseteikn. Dette innebar ein sau som var kortare , meir kjøtfull, mindre og kortare hovud, mykje ull også fram til hovudet.

Basgimre av Bell-typen. Meir kortvaksen, hovudet er mindre og kortare, meir kjøtfull og mykje ull. Foto frå Pridlao nr 1 1996.

Bell sat i stillinga fram til 1961, og mot slutten av sin periode innsåg han at enkelte trekk hjå dalasauen bar galt av stad. Han påpeikar i et skriv frå 1959 at dalasauen no er fullt stor nok og at ein ikkje må avla vidare med tanke på større dyr. Han hevda også at ein må avla mot breiare og meir kjøtfulle dyr og slakka på krava til grove og tjukke bein. Det var slått fast at det ikkje var dei tjukkaste beina som var dei sterkaste. Tar med eit sitat frå Bell sitt skriv i 1959: "Viktig å ha klåre rasemerke som skil rasane, men me må ikkje gå så langt i rasekrav at dette kjem i vegen for viktige praktiske omsyn"

Desse råda vart desverre ikkje lytta til. Utvalet av avlsdyr , både verar og hodyr fortsette å gå etter storleiken, og etter kvart tykte mange at sauen vart for stor og tungvindt å håndtera, lett kom på rygg og ikkje lenger så høveleg på fjellbeite.

Eit anna forhold var dei ekstreme høge prisane på verar. Det vart betalt opp til kr 15000 for ein ver og kr 100 i springpengar per sau, noko som tilsvarar minst kr 150 000 og kr 1000 i dag. Eit anna eksempel på kor gale dette vart var at prisen på ein ver kunne tilsvara nær verdien av 100 slaktelam.

Fjellstabben til Olav K. Tveite vart i 1966 seld for kr 15000. Foto Leiv Sausjord

Denne måten å driva avlsarbeid med utval av verar etter utstillingane med stadig høgre prisar var i ferd med å gli ut av hendene på sauehaldarane. Dette vart altfor dyrt for ein vanleg sauehaldar som sende dei fleste av lamma til slakteriet. Det var difor ikkje uventa at det kom signal frå øvste landbruksmyndigheit at avlsarbeidet måtte organiserast slik at ein vanleg sauehaldar kunne få nytte gode verar til langt rimeligare prisar. Dermed kom arbeide med vereringar, indeksar og etter kvart semin i gong.

Vereringar vart oppretta i stort tal over heile landet, og i starten hadde dei fleste ringane rein dalasau. Likevel var det mange ringar som allereie på 60-talet tok inn texelverar ellr texelkryssingar. Seinare vart andre utenlandske rasar kryssa inn og talet på reinrasa dalasau minka sterkt utover 80- og 90-talet. Avlsarbeidet vart styrt av indeksar og tanken om reine rasar blei heilt borte.

Siste år med offentlege utstillingar etter reglane frå 1965 var i 1971. Offentlege utstillingar fortsette mange stadar, men nå var det indeksane som la grunnlaget for premiegraden. Den var jo kjend før utstillinga og difor vart det heile lite spennande og interessa rundt sjåa minka sterkt.

Mange sauehaldare ville halde på dei reine rasane og ville ikkje vera med i det nye avlsopplegget der rasane vart blanda. Ei gruppe tok difor initiativ til å starta private sauesjå etter dei gamle reglane. Dei fyrste sjåa vart halde i Kvinesdal og Eiken i 1972, fortsatte med Gol i 1975, Myrkdalen og Vik i 1979 og seinare Rogaland (fleire stadar), Ålen, Selbu, Toten og Hedmark.

 

Olav Georg Tveiten var ein av initiativtakarane til dei private sjåa. Han er ein legende når det gjeld å avle fram fyrsteklasses dalasau. Bilde er frå 2011. Foto Jon Møretrø

Dei som ville halde på dei reine rasane følte seg overkøyrde av dei som sat med makta og dei økonomiske midlane. Difor såg dei det naudsynt å organisera seg i eit lag for betre å kunne fremja sine interesser. I 1984 vart "Landslaget for norsk reinrasa sau" skipa, og laget fekk stor oppslutnad med over 250 medlemar. Dei fleste medlemane hadde dalasau, men også rygjasau og andre rasar var representerte i laget. Laget organiserte dei årlege utstillingane på stadar som tidlegare nemnd.

Tri av veteranane i laget som har betydd mykje for at ein framleis har reinrasa dalasau. Frå venstre Olav Georg Tveiten, Ola S. Roen og Leiv Sausjord. Bilde frå 2009. Foto G Tønnessen

Så kom restriksjonane på grunn av sjukdomane mædi og scrapie som førde til forbod mot sal av livdyr og å samle dyra på utstillingane. Med forholdsvis små populasjonar av reinrasa dalasau i kvart fylke har problema med innavl vore store. I dei seinare åra har dalaverar vore tatt inn til semin og det har hjelpt noko på innavlsproblematikken. Utstillingane har fortsett fram til i dag, men døminga lyt skje rundt på gardane.
Det har ikkje vore tilfelle av dei alvorlege sjukdomane på rein dalasau så ein vonar at ein kan lempa på restriksjonane etter kvart.

Den alvorlege striden mellom det offentlege representert ved Norsk Sau- og Geiteavlslag og dei som ville ha reine rasar roa seg etter kvart. Nå er mange av desse med i Sauekontrollen og dalasauen har fått eigen rasekode her. Genressurssenteret har forplikta seg til å samarbeide med reinrasalaget om tiltak for å bevara rasen. Laget får nå årleg økonomisk stønad frå staten.

Historia til dalasauen er lang og det er nå i 2012 fare for at om nokre år så er rasen berre historie. Rasen reknast i dag som truga med berre omlag 1200 dyr att på landsplan. Det rår ganske mykje pessimisme rundt omkring når det gjeld framtida til dalasauen og det trengs difor mange krafttak framover for å snu denne negative trenden.

Kjelder: Bladet Hordaland. Skog og Landskap. Jon Sæland sitt skrift "Korleis dalasauen vart til". Hefte om dalasauen utgitt av Raselget for dalasau. Artikkel av Knut K. Mørkve i Gamalt frå Stronde`. Artiklar frå Pridlao Vik i Sogn. Boka om sauehald av Jon Sæland.

Me må sikra framtida til dalasauen.

Audun Forgard 31.12.2014 05:58

JA dette var lærerikt. Deler denne på #sauelauget

frida meyer 18.03.2012 21:17

Fantastisk flott historie om dalasauen. Her er det lagt ned mykkje arbeide om historia og bilete.. bra jobba...

Nyeste kommentarer

20.01 | 07:48

Kor mykje kosta en dalasau?

05.01 | 16:09

Hei, noen kan sig meg hvor mange antall sauer farm har i Norge

05.01 | 11:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal Jostein Oldervik 7580 Selbu Jan Overvik 7580 ...

26.11 | 22:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊