Sidan den reine dalasauen som var att i Hordaland omkring 2010 nesten berre var å finne i Myrkdalen og ikkje talde meir enn omlag 150 dyr, og på landsplan om lag 1200, har antalet som har dalasau vakse mykje i gamle Hordaland. Nå er jo eigare i tidlegare Sogn og Fjordane også med i laget, som nå i 2022 har 25 medlemmer med i alt over 400 vinterfora dyr. Den reine dalasauen er nå å finne i mange kommunar i Vestland fylke. Disse er: Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Kinn, Kvinnherad, Osterøy, Samnanger, Vik, Voss og Øygarden. Konklusjonen blir difor at dalasauen står mykje betre rusta for framtida nå i 2022 enn den var i 2010.